ESPD oppdragsgivar

Spørsmål og svar frå oppdragsgivarar om det europeiske eigenerklæringsskjemaet (ESPD).

ESPD er obligatorisk å bruke i anskaffingar over EØS-terskelverdi.

Korleis lager eg ein ESPD-førespurnad?

Den kan du lage i konkurransegjennomføringsverktøyet (KGV) dykkar. Snakk med support for ditt KGV om du lurer på korleis.

Kan eg bruke ESPD under terskelverdi?

Ja, det kan du, jamfør anskaffingsforskrifta § 8-10.

Korleis kan ein leverandør fylle ut ein ESPD?

I KGV har leverandøren mogelegheit til å fylle ut ESPD-skjemaet samstundes som dei leverer sitt tilbod. 

Kor finn eg ESPD-skjemaet?

ESPD-skjemaet finn du i oppdragsgivar sitt konkurransegjennomføringsverktøy (KGV). Alle KGV har funksjonalitet for å fylle ut og levere ESPD-skjemaet. Skjemaet vil ha dei same spørsmåla, men lay-out og funksjonalitet vil variere mellom dei ulike KGV. Dersom du er usikker på korleis fylle ut ESPD, må du kontakte support hos det aktuelle KGV.

Finst det nasjonale avvisingsgrunnar som nemnt i ESPD-skjemaet del III D?

Ja, dei norske anskaffingsreglane går lenger enn EU sitt direktiv om offentlege anskaffingar i to tilfelle, jf. FOA § 24-2. Sjå meir informasjon om dette i rettleiinga til Nærings- og fiskeridepartementet. Det vil seie at norske oppdragsgivarar alltid skal krysse av for dette valet, og opplyse om dette i konkurransegrunnlaget eller kunngjeringa.

Kva underleverandørar må ein levere ESPD for?

Viss ein leverandør må støtte seg på ein annan leverandør sin kompetanse eller kapasitet for å oppfylle eit kvalifikasjonskrav, må leverandøren levere separat eigenerklæring for denne underleverandøren. Utover dette treng ikkje underleverandørar å levere eigenerklæringar.

Treng vi forpliktingserklæring når vi har ESPD?

Ja. Forskrift om offentlege anskaffingar stiller krav om at ein leverandør som støttar seg på kapasiteten til andre verksemder, skal dokumentere at han rår over dei nødvendige ressursane, til dømes ved å legge fram ei forpliktingserklæring, jf. FOA § 16-10(2).

Denne bestemminga gjeld i tillegg til bestemminga om ESPD. Viss leverandøren støtter seg på kapasiteten til andre verksemder, må han dermed levere både forpliktingserklæring, eller tilsvarande, og ESPD for dei aktuelle verksemdene.

Må eg lage ei ESPD-førespurnad for kvar anskaffing?

Ja, men i nokre KGV-system kan du bruke om att den du har brukt tidlegare, eller lage ein mal i ditt KGV. Snakk med support for ditt KGV. 

Kva er forskjellen på ein ESPD-førespurnad og ei ESPD-erklæring?

ESPD-førespurnad er det "skjemaet" oppdragsgivar ber alle leverandørar som ønsker å levere tilbod til ei konkret anskaffing, om å svare på. ESPD-erklæring er din utfylte ESPD-førespurnad som du sender saman med tilbodet ditt.

Kan oppdragsgivar avvise tilbodet dersom ESPD er fylt ut feil eller ESPD ikkje er sendt inn?

Oppdragsgivar kan ikkje utan vidare avvise ein leverandør som ikkje har levert ESPD eller har levert ein mangelfull ESPD. Oppdragsgivar må vurdere konkret om ei ettersending eller komplettering av ESPD vil medføre at tilbodet blir forbetra, og at krava til likebehandling og gjennomsiktigheit må bli overhalde.

KOFA-sak 2017/95 viser at det ikkje oppstår nokon automatisk avvisningsplikt om leverandøren har unnlate å levere ein ESPD, eller har levert ein ufullstendig ESPD, og at oppdragsgivar må ta ei konkret vurdering opp mot kva slags krav som er etterspurt i ESPD. Kofa legg til grunn at adgangen til å få ettersendt, supplert, avklart eller be om utfyllende opplysningar også omfatter ESPD, jf. FOA § 23-5 første ledd.

KOFA-sak 2018/526 gjeld også klage på at leverandøren ikkje hadde fylt ut at han støtta seg på andre for å oppfylle kvalifikasjonskrava. Anførslene førte ikkje fram.

Sjå også informasjon om molegheitsrommet for avklaring og ettersending.

Fleire spørsmål

Kontakt oss om du har spørsmål til rettleiingsstoffet. Du kan rekne med å få svar innan ei arbeidsveke.

Spørsmål om ESPD

  • e-post espd [at] dfo.no (espd[at]dfo[dot]no)
Oppdatert: 11. april 2024

Fant du det du lette etter?

Nei

Det beklager vi!

Tilbakemeldingen din er anonym og vil ikke bli besvart. Vi bruker den til å forbedre nettsidene. Hvis du vil ha svar fra oss, ta kontakt på telefon, e-post eller kundesenter på nett.